
Her kjem eit nytt innlegg fra San Francisco! Me var tre netter i San Francisco, før eg og Ånen reiste tilbake til Boston og Ingeborg og Ørjan reiste vidare til LA. Dei to er forøvrig tilbake i San Francisco nå etter å ha kjørt den berømte Highway 1 fra LA. Dette innlegget viser noko av det San Francisco er mest kjent for! Ovanfor: eit veldig stilig bilde av Ingeborg (fotograf: Ånen), med ein av dei mange bakkane i byen i bakgrunnen.

Peace, man! ;) San Francisco er i særdeleshet kjent som opphavet til hippie-bevegelsen på 60-talet! Det heile starta i Haight-Ashbury området på begynnelsen av 60-talet, og kulminerte med “Summer of Love” i 1967 då 100 000 såkalla hippie’ar samla seg i Haight-Ashbury distriktet og i Golden Gate Park. Dette var utvilsomt “the place to be” for alle kunstnarar, musikarar og politisk bevisste ungdommar på 60-talet, og alle andre interessert i peace, love and flower power – og me tok sjølvsagt turen for å sjekke stemninga drøye 40 år etter..!

I desse flotte gamle bygningane stimla store hippie-kollektiv seg saman på 60-talet. Området er fortsatt prega av ein laidback atmosfære og bohemsk stil, med mange små og store second hand butikkar og tett med kaféar, men det har nok skjedd ei ganske kraftig opprydning og kommersialisering her sidan den ekte hippie-tida.

Ingeborg var såklart i støtet i Haight-Ashbury! Her var det jammen mange løgne butikkar å kikke i..!

Eit kupp! Ingeborg viser fram kjolen ho kjøpte i ein av dei mange second-hand butikkane i The Haight.

Mykje knask for dei musikkinteresserte er det også i dette området – mest kjent er Amoeba Music, ein uavhengig platebutikk som held til i ein tidlegare bowlinghall og som har over 100 000 cd’ar, kassettar og lp’ar inne.

Eg klarte ikkje dy meg… Mulig det har vore nok slike bilder på bloggen nå, men dette var jo veldig bra!

Me rakk ikkje innom Golden Gate Park (som ligg i tilknytning til The Haight) denne dagen, men eg og Ånen tok ein tur på søndagen etter at Ingeborg og Ørjan var reist vidare. Der såg me blant anna denne bilen! Klassisk San Francisco!

Dette må vere området i parken som blir kalla Hippie Hill… I løpet av dei første ti minuttane i parken blei me tilbudt hasj to gonger. “Marihuana?? Mushroom??” Og det var ikkje akkurat vanleg tobakk det lukta då me gjekk bortover her…

Over til noko anna: Me stifta også nærmare bekjentskap med dyrelivet i parken! Denne lille luringen kikka fleire gonger opp fra jordhola si for å helse på.

Nokon meir idylliske bilder fra Golden Gate Park. På dette vatnet tok me ein tur med pedalbåt!

Her trakkar me avgårde! Golden Gate Park er ein gigantisk stor park, som strekker seg som eit rektangel fra Haight-Ashbury i øst til Stillehavet i vest. Den er over 4 kvadratkilometer stor og større enn Central Park i New York.

Me kosar oss i pedalbåten!

Så eit par kveldsbilder; fra andre kjente områder i San Francisco! Først ut er Castro, som er verdas mest kjente nabolag for homofile og lesbiske. Her vaiar eit svært “gay pride” flag høgt over bakken!

Det var i Castro-distriktet at Harvey Milk holdt til på 70-talet. Han var den første åpent homofile som blei valgt til ein politisk posisjon i USA, og han var ein sentral forkjempar for homofile sine rettighetar i mange år. Han blei på tragisk vis skutt og drept i 1978, og har fått eit minnesmerke tilegna seg sentralt i Castro. Filmen “Milk”, der Sean Penn vann Oscar for beste hovudrolle, bygger på livet til Harvey Milk. Som Milk sa sjølv: “If a bullet should enter my brain, let the bullet destroy every closet door.” Mykje positivt har skjedd sidan Milk kjempa på 70-talet, men han må ha snudd seg i grava då California gjorde “same-sex marriage” ulovleg igjen ved å vedta Proposition 8 ved valget i haust…

Eit anna berømt område i San Francisco: Chinatown! San Francisco har Nord Amerika’s største Chinatown, og det går for å vere det største Chinatown utanfor Asia.

Fantastisk bilde av Ingeborg – ved inngangen til Chinatown!

Mykje nipsbutikkar for Ingeborg å kikke i her… Her har ho skaffa seg ein gjev panda-uro..!
Det høyrer vel med til Chinatown-historien at me hadde vårt desidert verste kinamat-måltid nokonsinne nettopp her… Me gjekk inn på ein tilfeldig plass, og kunne etterpå ikkje anna enn å le etterpå… Det var så gale! Maten var veldig dårleg og servicen endå verre… Eg fekk vatn som smaka kloakk, og då eg ba om flaskevatn i staden for, spurte den skitne og uhøflege kelneren om vatnet ikkje var “bra nok for meg”.. Til slutt fekk eg ei plastflaske vatn slengt framfor meg, men ikkje noko glas til å drikke av.. Don’t even get me started med alle matrettane me fekk servert på rekke og rad, det eine verre enn det andre… Lesson to be learned: gjer litt forberedelsar på internett før valg av kinarestaurant i Chinatown…

For å komme oss til Chinatown, tok me ein annan San Francisco klassikar: Ein av dei historiske Cable Cars; trikkevognene som går opp dei bratte bakkane i byen. Her er gjengen klar for avgang, og i bakgrunnen ser dokke ei av trikkevognene.

Me sto bakerst på perrongen, for å få best mulig utsikt!

Dette var i skumringa, og her er me begynt å snirkle oss oppover bakkane. Desse bakkane er verkeleg karakteristiske for San Francisco – eg har aldri sett makan til bratte opp-og-ned bakkar midt inne i nokon annan by før.

San Francisco i solnedgang.