Time to Say Goodbye

august 9, 2009

P8080029

Det er kvelden før kvelden – i morgon reiser me heim til Norge! Det har vore hektiske og kjekke dagar nå i innspurten her i Boston. Me har hatt mange ulike going-away-lunsjar og -middagar med venner, naboar og kollegaer dei siste dagane, men har fått tid til litt pakking og vasking også (takka vere Ånen..). Her er nokon bilder fra våre siste dagar i Boston. 

P8010057

Sist lørdag var me på Singing Beach i Manchester-by-the-Sea nord for Boston. Veldig fin strand og varmt i vatnet! Me bada masse og kasta frisbee å stranda. Stranda heiter Singing Beach på grunn av den knirkande lyden sanden lagar når ein går på den. Me trudde dette var tull, men me klarte faktisk å få stranda til å «synge» ved å trakke hardt nok i sanden!

P8010028

Ånen likar seg i det våte element – her kikkar han forventningsfullt mot ei ny bølge å surfe innover på!

P8010062

Ja, dette blir nok første og siste bikini-bilde på bloggen.. 😉

P8020008

Sist søndag var eg på Tanglewood-konsert med Sunita fra jobben. Tanglewood er ein tradisjonsrik musikkfestival som pågår heile sommaren i Lenox, som ligg heilt vest i Massachusetts (to timars kjøring fra Boston). Boston Symphony Orchestra har ulike konsertar midt inne i Tanglewood-skogen i løpet av sommaren, og vanlegvis er plenane rundt konserthallen stappfulle av folk som har piknik og høyrer på musikken. Men på søndag regna det på ekte vestlandsvis, og kun dei mest hardføre tok med paraply og hadde piknik under eit tre!

P8020018

Etter ein våt men koseleg piknik sneik me oss under tak og høyrte Boston-symfonien spele Beethoven og Rachmaninoff. Og på toppen av alt; nordmannen Leif Ove Andsnes spela piano!!

P8020020

Utsikt fra Tanglewood. 

P8080048

Vår siste tur til Crema Cafe på Harvard Square var i går, då me viste vår favorittkafe til våre nye svenske venner (Erik på jobben min, og hans «fru» og tvillingar på 8 mnd). Det har vore veldig varmt og strålande fint ver i Boston i det siste!

P8090061

På gjensyn, Boston!

Nå gledar me oss til å komme heim! 😀

Concord

juli 31, 2009

P7260029

Sist søndag tok naboen vår Gina oss med til idylliske Concord, ein liten tettstad som ligg ein halvtimes togtur unna Boston. Det er Concord me har reist til dei gongene me har vore ved Walden Pond, men me har aldri fått tid til å utforske anna enn akkurat Walden-området. Så idag viser eg nokon bilder fra Concord-området, og litt faktaopplysningar får du på kjøpet..! 😉

Concord – ein liten by vest for Boston, grunnlagt i 1635 – har spela ei viktig rolle i amerikansk historie på fleire måtar. Først når dei lokale patriotane bekjempa dei britiske soldatane i det som er kjent for å vere det første slaget i den amerikanske revolusjonen 19.april 1775. Seinare då Concord eit halvt århundre seinare blei sentrum for amerikansk litteratur og filosofi på midten av 1800-talet. 

P7260020

 

P7260022

 

P7260061

 

P7260050

Dette er North Bridge i Minute Man National Historical Park. Her angreip dei lokale «Minute Men» britiske soldatar som patruljerte brua, i det som blir rekna som det første slaget i revolusjonen 19.april 1775. Her avfyrte dei «the shot heard round the world» som Ralph Waldo Emersom skriv om i diktet «Concord Hymn» (1837). 

P7260059

Statue av ein «Minute Man». Dei lokale soldatane fekk dette tilnavnet fordi dei kunne vere klar «på minuttet». 

P7260068

 

P7260070

 

P7260079

 

P7260090

På 1800-talet var Concord ein samlingsstad for forfattarar og filosofar. Ralph Waldo Emerson var ein sentral figur i det litterære miljøet som blomstra i Concord på denne tida. Andre forfattarar som budde i Concord var Henry David Thoreau («Walden», «A Week on the Concord and Merrimack Rivers»), Nathaniel Hawthorne («The Scarlet Letter», «The House of Seven Gables») og Louisa May Alcott («Little Women»). 

P7260040

The Old Manse. Dette huset blei bygd i 1770 av Emerson sin bestefar. Både Emerson og andre kjente forfattarar budde i dette huset opp gjennom tidene. Nathaniel Hawthorne budde her som nygift, og Henry David Thoreau planta ein grønnssakshage utanfor i bryllupspresang til Hawthorne-paret. 

P7260042

Me fekk omvisning inne i The Old Manse, men det var ikkje lov å ta bilder innandørs. Ein «kopi» av grønnsakshagen til Thoreau er forøvrig planta utanfor huset. 

P7260109

Etter nokon timars vandring i varmt og fuktig ver, hadde me lunsj på tradisjonsrike Colonial Inn i Concord. 

P7260110

 

P7260115

Moderne tolkning av Thoreau – på togstasjonen i Concord. 

P7260014

Prikken over i’en…

juli 30, 2009

nettnorway_lnratio950_pcagesexpybmi_final_manhattan

Eit lite innblikk i forskarlivet: Idag streva eg nesten heile formiddagen med å få R-koden til å gå opp… R er eit statistikk-program utvikla for og av folk med tendens til Asberger-syndrom, eller iallfall med høg nerdefaktor. Eg kan ikkje bruke dette programmet, eg brukar sjeldan dette programmet – men for tida er eg langt inne i R-elendigheten likevel. Og sidan min gode hjelpar Mike var vekkreist på idag, var det slettest ikkje lett å bryte R-koden.. Eg prøvde igjen og igjen, på den eine og den andre måten, sjekka og dobbeltsjekka, men det ville seg berre ikkje. Tilslutt klarte eg endeleg ilag med ein annan god hjelpar å sjå kva som var gale: ein ussel liten bindestrek (-) mangla i den lange innvikla R-koden..! At det går an!

Dette minna meg om kor ytterst nøye eg var i gamle dagar – då eg som lita jente tidleg lærte å skrive navnet mitt, men det fullstendig rabla for meg og enda i raserianfall dersom eg presterte å gløyme den berømte prikken over i’en… Kanskje ein bør hente fram barndommens perfeksjonist i seg når ein jobbar med programmering..? Iallfall dersom ein klarar å styre unna dei verste raserianfalla. 

Men det gjekk til slutt. Eg er kanskje ikkje like perfeksjonist lenger, og eg er definitivt ikkje kompetent til å programmere i R – men eg gir meg iallfall ikkje! Ovanfor kan dokke sjå eit såkalla Manhattan-plot, som har fått navnet fordi den grafiske framstillinga minnar om skyskraparane i New York. Kvar «skyskrapar» har ulik farge og representerar eit av kromosoma, og dess høgare prikkane strekker seg oppover, jo betre. Ingen spennande resultat akkurat her, men stilig er det jo! 🙂

Bloggbart!

juli 25, 2009

DSCN3849

TUSEN TAKK FOR BESØKET!!! 😀

Ingeborg og Ørjan er nå vel tilbake i Norge etter ein heil månad i USA. Og jammen hadde me mykje løye..! Håpar alle har kost seg med alle dei gøyale bildene her på bloggen! Me gjorde så mykje meir enn det eg har klart å få med på bloggen, og eg satt i kveld og lurte på om eg skal publisere fleire bilder eller ikkje. Kom då over dette fantastiske bildet – i særdeleshet bloggbart..!

Dette bildet er fra utflukta vår til Walden Pond i Concord, Massachusetts. Det var søndag og supert ver, og me hadde piknik og bada i behageleg temperatur i Walden Pond. Me kjøpte også is fra denne isbilen, og blei invitert inn i bilen for å få tatt bilde av oss i luka..! Fotograf: Ein ytterst hyggeleg iskremselgar! 😀

Sandslott for vidarekomne

juli 25, 2009

P7190047

Sist helg gjekk New England Sand Sculpting Festival av stabelen på Revere Beach her i Boston. Me tok ein tur ut til stranda på søndagen, og kikka på dei proffe sandskulpturane. Tenkte eg kunne vise dykk nokon bilder!

P7190048

Nisser og dverge, bygger i berge.. Ganske imponerande kva det går an å lage i sanden! Me lurte veldig på kva hjelpemiddel som var lov, om kunstnarane for eksempel bruker noko slags støypemiddel, men me trur dei berre kan bruke vatn. Men det er lov å forsterke figurane innvendig med stenger. 

P7190050

«Face Plant»

P7190051

«Spheres of Influence»

P7190064

«Cool to the Touch»

P7190052

«Mirror»

P7190055

Denne flotte skulpturen vann førsteplass i konkurransen!

P7190059

…og dette er strandreportar IC, direkte inne fra Revere Beach..! 🙂

Fortsatt GOD SOMMAR til alle der heime!!! 😀

Peace&love – and «best of» San Francisco

juli 17, 2009

P7100006

Her kjem eit nytt innlegg fra San Francisco! Me var tre netter i San Francisco, før eg og Ånen reiste tilbake til Boston og Ingeborg og Ørjan reiste vidare til LA. Dei to er forøvrig tilbake i San Francisco nå etter å ha kjørt den berømte Highway 1 fra LA. Dette innlegget viser noko av det San Francisco er mest kjent for! Ovanfor: eit veldig stilig bilde av Ingeborg (fotograf: Ånen), med ein av dei mange bakkane i byen i bakgrunnen. 

P7110248

Peace, man! 😉 San Francisco er i særdeleshet kjent som opphavet til hippie-bevegelsen på 60-talet! Det heile starta i Haight-Ashbury området på begynnelsen av 60-talet, og kulminerte med «Summer of Love» i 1967 då 100 000 såkalla hippie’ar samla seg i Haight-Ashbury distriktet og i Golden Gate Park.  Dette var utvilsomt «the place to be» for alle kunstnarar, musikarar og politisk bevisste ungdommar på 60-talet, og alle andre interessert i peace, love and flower power – og me tok sjølvsagt turen for å sjekke stemninga drøye 40 år etter..!

P7110244

I desse flotte gamle bygningane stimla store hippie-kollektiv seg saman på 60-talet. Området er fortsatt prega av ein laidback atmosfære og bohemsk stil, med mange små og store second hand butikkar og tett med kaféar, men det har nok skjedd ei ganske kraftig opprydning og kommersialisering her sidan den ekte hippie-tida. 

P7110241

Ingeborg var såklart i støtet i Haight-Ashbury! Her var det jammen mange løgne butikkar å kikke i..!

P7120264

Eit kupp! Ingeborg viser fram kjolen ho kjøpte i ein av dei mange second-hand butikkane i The Haight. 

P7120276

Mykje knask for dei musikkinteresserte er det også i dette området – mest kjent er Amoeba Music, ein uavhengig platebutikk som held til i ein tidlegare bowlinghall og som har over 100 000 cd’ar, kassettar og lp’ar inne.  

P7120275

Eg klarte ikkje dy meg… Mulig det har vore nok slike bilder på bloggen nå, men dette var jo veldig bra! 😀

P7120359

Me rakk ikkje innom Golden Gate Park (som ligg i tilknytning til The Haight) denne dagen, men eg og Ånen tok ein tur på søndagen etter at Ingeborg og Ørjan var reist vidare. Der såg me blant anna denne bilen! Klassisk San Francisco!

P7120316

Dette må vere området i parken som blir kalla Hippie Hill… I løpet av dei første ti minuttane i parken blei me tilbudt hasj to gonger. «Marihuana?? Mushroom??» Og det var ikkje akkurat vanleg tobakk det lukta då me gjekk bortover her…

P7120332

Over til noko anna: Me stifta også nærmare bekjentskap med dyrelivet i parken! Denne lille luringen kikka fleire gonger opp fra jordhola si for å helse på. 

P7120358

Nokon meir idylliske bilder fra Golden Gate Park. På dette vatnet tok me ein tur med pedalbåt!

P7120384

Her trakkar me avgårde! Golden Gate Park er ein gigantisk stor park, som strekker seg som eit rektangel fra Haight-Ashbury i øst til Stillehavet i vest. Den er over 4 kvadratkilometer stor og større enn Central Park i New York. 

P7120391

Me kosar oss i pedalbåten!

P7110221

Så eit par kveldsbilder; fra andre kjente områder i San Francisco! Først ut er Castro, som er verdas mest kjente nabolag for homofile og lesbiske. Her vaiar eit svært «gay pride» flag høgt over bakken! 

P7110227

Det var i Castro-distriktet at Harvey Milk holdt til på 70-talet. Han var den første åpent homofile som blei valgt til ein politisk posisjon i USA, og han var ein sentral forkjempar for homofile sine rettighetar i mange år. Han blei på tragisk vis skutt og drept i 1978, og har fått eit minnesmerke tilegna seg sentralt i Castro. Filmen «Milk», der Sean Penn vann Oscar for beste hovudrolle, bygger på livet til Harvey Milk. Som Milk sa sjølv: «If a bullet should enter my brain, let the bullet destroy every closet door.» Mykje positivt har skjedd sidan Milk kjempa på 70-talet, men han må ha snudd seg i grava då California gjorde «same-sex marriage» ulovleg igjen ved å vedta Proposition 8 ved valget i haust…

P7120303

Eit anna berømt område i San Francisco: Chinatown! San Francisco har Nord Amerika’s største Chinatown, og det går for å vere det største Chinatown utanfor Asia. 

P7120297

Fantastisk bilde av Ingeborg – ved inngangen til Chinatown! 😀

P7120307

Mykje nipsbutikkar for Ingeborg å kikke i her… Her har ho skaffa seg ein gjev panda-uro..!

Det høyrer vel med til Chinatown-historien at me hadde vårt desidert verste kinamat-måltid nokonsinne nettopp her… Me gjekk inn på ein tilfeldig plass, og kunne etterpå ikkje anna enn å le etterpå… Det var så gale! Maten var veldig dårleg og servicen endå verre… Eg fekk vatn som smaka kloakk, og då eg ba om flaskevatn i staden for, spurte den skitne og uhøflege kelneren om vatnet ikkje var «bra nok for meg».. Til slutt fekk eg ei plastflaske vatn slengt framfor meg, men ikkje noko glas til å drikke av.. Don’t even get me started med alle matrettane me fekk servert på rekke og rad, det eine verre enn det andre… Lesson to be learned: gjer litt forberedelsar på internett før valg av kinarestaurant i Chinatown…

P7120284

For å komme oss til Chinatown, tok me ein annan San Francisco klassikar: Ein av dei historiske Cable Cars; trikkevognene som går opp dei bratte bakkane i byen. Her er gjengen klar for avgang, og i bakgrunnen ser dokke ei av trikkevognene.

P7120290

Me sto bakerst på perrongen, for å få best mulig utsikt!

P7120286

Dette var i skumringa, og her er me begynt å snirkle oss oppover bakkane. Desse bakkane er verkeleg karakteristiske for San Francisco – eg har aldri sett makan til bratte opp-og-ned bakkar midt inne i nokon annan by før. 

P7120292

San Francisco i solnedgang.

If you’re going to San Francisco…

juli 13, 2009

P7100103

…be sure to wear some… warm clothes… and a helmet! 😉

Fra spøk til alvor: Me er nettopp tilbake i Boston etter tre dagar i San Francisco. Ingeborg og Ørjan er reist vidare til Los Angeles, og kjem om ei veke innom Boston eit par dagar før heimreise. Første dagen i San Francisco leigte me syklar og sykla over verdskjente Golden Gate Bridge og vidare til ein liten kystby som heitte Sausalito. Det med varme klær var forøvrig ingen spøk: Det er ikkje særleg varmt i San Francisco! Kald vind og mellom 15 og 20-22 grader er ikkje akkurat det ein forbinder med California, men det er heilt typisk for San Francisco. Byen er også kjent for skodde, og den dekka toppen av Golden Gate Bridge denne formiddagen. 

P7100089

Å leige syklar er berre heilt genialt, og kan anbefalast nesten uansett kor ein reiser! Me såg forresten Thor Hushovd sin etappeseier på flyet til San Francisco – det var stas!!! 😀 Håpar mange følger med på Tour’en der heime..?! 

P7100080

Me budde i området Fisherman’s Wharf som ligg nede ved havneområdet i San Francisco. Grei beliggenhet og fint hotell (Hyatt), men veldig turistprega område. Til og med Ingeborg syntest det blei i overkant med suvernirbutikkar… Her er me på veg bortover mot Golden Gate Bridge, som ein ser i bakgrunnen. 

P7100092

JUHUUU!!! Desse to er klare for å «bike the bridge»!

P7100105

Golden Gate Bridge er eit verdskjent landemerke. Brua sto ferdig i 1937 og har med sin røde farge og art deco-stil blitt eit internasjonalt kjent symbol på San Francisco. Den er godt over 2 kilometer lang, og forbinder halvøya som byen San Francisco ligg på med Marin County-området nord for byen. 

P7100138

Det var verkeleg flott å sykle over Golden Gate! Litt mykje folk, både syklistar og gåande, gjorde det vanskeleg å berre suse av gårde – men akkurat på dette bildet har Ingeborg og Ørjan klar bane!

P7100124

Golden Gate Bridge har også ei tragisk side. Den er ein av verdas mest populære stader å ta sjølvmord… I 2005 hadde 1200 menneske tatt livet sitt ved å hoppe fra brua, og cirka annakvar veke er det nokon som hoppar utfor her… Dette er grusomt å tenke på når ein kikkar over kanten, og ikkje minst er det fælt å vite at mange angrar seg i løpet av dei 4 sekundene fallet på ca 75 meter tar. Det forteller iallfall mange av dei svært få som klarar å overleve eit slikt hopp. Ein veit kun om 26 personar som har overlevd å hoppe fra Golden Gate Bridge. 

P7100135

Slike skilt og tilhøyrande nødtelefonar finn ein med jevne mellomrom på brua, og det er også strengt vakthold. Om det skal installerast eit sikkerhetsnett under brua har vore heftig diskutert i mange tiår, og i 2008 blei det vedtatt at eit slikt nett skal på plass. Heldigvis! Men enn så lenge er det dessverre fritt fram.. 

P7100148

Me er over på andre sida av Golden Gate Bridge, og Ånen tar ein pust i bakken. I bakgrunnen utsikt mot San Francisco. 

P7100160

Deretter sykla me vidare langs kysten til den lille byen Sausalito. Veret blei berre finare og varmare utover dagen!

P7100169

Den kulaste syklisten i California..?! Ingeborg er i støtet som vanleg!

P7100172

Her nærmar me oss Sausalito…

P7110190

…og der blei det påfyll av både mat og drikke!

P7100184

To fornøgde syklistar slappar av på utekafé!

P7110201

Litt seinare på ettermiddagen tok me ferja tilbake til San Francisco. Her følger nokon utsiktsbilder fra ferjeturen. 

P7110208

Golden Gate Bridge. 

P7110210

Alcatraz. Berykta fengsel på ei lita øy utanfor San Francisco by, også kjent som «The Rock». Nå er det ikkje fengsel lenger, men ein populær attraksjon for turistar. Det blir sagt at ingen klarte å rømme fra Alcatraz, men ein veit ikkje sikkert om det mest berømte rømningsforsøket enda med drukning eller suksess; rømlingane blei nemleg aldri funne!

P7110216

San Francisco!

P7100075

Strålande sykkeldag! 😀

Fleire bilder fra San Francisco vil snart følge på bloggen.

«If you’re going to San Francisco
Be sure to wear some flowers in your hair
If you’re going to San Francisco
You’re gonna meet some gentle people there»

Boston Red Sox

juli 8, 2009

P7080052

Go Red Sox! 😀 Igår var me på Red Sox kamp på Fenway Stadion her i Boston. Desse jentene er alltid klare for eit sportsarrangement!

P7070013

Baseball er stort er i USA, og Red Sox-laget er Bostons store stolthet! Laget blei grunnlagt i 1901 og ha vunne mange titlar opp gjennom åra. Angiveleg er kvar einaste kamp dei spelar utsolgt!

P7070007

Ingeborg utanfor Fenway Park – heimebanen til Red Sox. Fenway opna i 1912, og er ein tradisjonsrik og flott bane med plass til ca 37 000 tilskodarar. 

P7080016

Gjengen er klar for kamp! Dette var verkeleg «the all-american experience»… 

P7080045

Desse to karane kjøpte seg stilige Red Sox-capsar!

P7080026

Her er banen sett fra der me satt. Her jublar publikum etter home-run for Red Sox!

P7080030

Litt meir nærbilde av banen. Det er ikkje lange vegen dei må springe fra base til base.. Baseball er ganske langdrygt, det går lange tider utan at det skjer noko særleg. Men å vere på baseball-kamp er nærmast som ein gigantisk familiepiknik; folk pratar og ler, et og drikk og følger tilsynelatande berre med på kampen med eit halvt auge. Men når noko skjer (dei treff ballen!) – då er publikum plutseleg heilt i ekstase og reiser seg og ropar og jublar! Så dei må visst følge med likevel..

P7080040

Pølse i brød høyrer med på baseball-kamp! Merk: Ingeborg har kjøpt seg Red Sox-hårstrikk..! 🙂

P7080062

Kampen varte totalt i heile 3.5 timar, men det gjekk heldigvis an å rusle litt rundt undervegs. Her er me på ein liten rusletur og tar bilde av oss sjølve framfor banen. 

P7080094

Red Sox vant!!! Dei spela mot Oakland Athletics og vant 5-2. Det var ei utfordring å sette seg inn i alle reglane, men me forsto sånn halvvegs teikninga etterkvart. Og jubla då dei andre jubla… 😉

P7080095

Gøyalt å få med seg ein Red Sox kamp – nærmast eit must om ein er i Boston! 

Nå reiser me til San Francisco! 😀 Så følg med vidare!

PS: Skriv kommentarar folkens! Mulig det er ferietider, men ingen agurktid her på bloggen altså! 😉

July 4th Spectacular!

juli 5, 2009

P7040030

Hipp hurra for USA! Igår feira me USA sin nasjonaldag, «Independence Day» som dagen blir kalla her, eller berre July 4th. Første del av dagen tilbrakte me i Boston Common og Public Garden, samt rusla litt rundt nede i sentrum. Veldig laidback stemning på dagtid – ingen tog, korps eller bunadar å sjå nokon stad…

P7040069

Alle lada nemleg opp til det store spetakkelet som skulle foregå på kvelden – July 4th Boston Pops Fireworks Spectacular!

P7040043

Fotogent par i Public Garden!

P7040049

Kor passar det vel betre å feire 4th of July enn nettopp her i Boston – «where independence was born!» Boston har ein unik historisk posisjon i USA – i bakgrunnen USAs første president George Washington til hest.

P7040078

Og duckling’ane i Public Garden var staseleg pynta for anledningen..!

P7040053

Sjå kor fine dei var..!

P7040061

Stilig bilde av Ingeborg framfor John Hancock Tower og Trinity Church. 

P7040079

The Esplanade, parkområdet nede langs Charles River, er begivenhetenes sentrum 4.juli! Allerede tidleg på morgonen begynner folk å stimle til området, for å sikre seg god plass. Då me var innom på ettermiddagen ar det allerede nokså stinn brakke. Her kan ein sjå korleis folk har rigga seg til framfor scenen, der festivitetene skal foregå seinare på kvelden. 

P7040082

Ingeborg på Esplanada’en. 

P7040083

Denne hunden i nabolaget hadde også pynta seg i anledning dagen!

P7040086

Me var innom den meksikanske restauranten i nabolaget før me sette kursen mot 4.juli feiring i sentrum på kvelden. 

P7040092

Veldig fint og varmt, så me kunne sitte ute. Etter ein nokså begredeleg juni månad her i Boston, var alle glade for å få strålande sol og 25 grader på nasjonaldagen!

P7050095

Ikkje lett å ta bilde av dette…. På kvelden var det klart for spektakulært show på Esplanada’en nede i byen. Angiveleg var fleire hundre tusen samla i parkområda langs Charles River denne kvelden. Stint med folk og ganske kaotisk! Dette var det nærmaste me kunne komme scenen, der orkesteret Boston Pops underhaldt saman med kveldens store trekkplaster Neil Diamond! Han drog i gong fleire gamle svisker, og stemninga var på topp då han spela «Sweet Caroline», som er «kjenningsmelodien» til baseball-laget Boston Red Sox. 

P7050102

Amerikanarane sparar ikkje på kruttet, bokstaveleg talt.. Etter konserten kulminerte det heile med ein halvtimes samanhengande fyrverkeri fra midt ute på Charles River- direktesendt på nasjonalt tv. Fantastisk storslagent og flott – me hadde aldri sett maken!

DSCN3793

Me tok nokon videosnuttar av fyrverkeri-showet, men eg har ikkje fått til å legge dei ut på bloggen.. I stadan for; her er eit fancy og kunstnerisk bilde signert Ingeborg!

GOD SOMMAR til alle der heime i Norge! 😀

Usensurert versjon (lesing på eige ansvar..)!

juli 4, 2009

P6250064

Då er det klart for P-town – den usensurerte versjonen: eit knippe vaskeekte tullebilder! Ikkje les vidare om du ikkje er klar for ein spøk… Over: Nokon som huskar kult-fenomenet U-uttrykk fra ungdomsprogrammet U på NRK på 90-talet..?! Det gjer me!! 😀

P6250159

Speilforvrenging er alltid ein schlager..! Ingeborg lo til ho fekk vondt i halsen… Dessverre nyter ikkje bildet ovanfor det egentlege speilbildet rettferdighet – ho blei nemleg endå eit par størrelsar større over hoftene «in real life»…

P6250154

Skrik av Edvard Munch – gå og legg deg! There’s a new kid in town!

P6250156

Stutt-tjukke Ånen gliser bredt! Han liknar faktisk veldig på den muskuløse dvergen som trenar på treningssenteret vårt…

P6250160

Når enden er god…. Det er blitt litt mykje god mat her i Amerika.. 😉

DSCN2934

«Koko i gjøkuret og hallo i uluken!!!» (sitat Ingeborg) Her kjem eit par bildeseriar der Ingeborg går AMOK! Her er me på veg til ferja tidleg på morgonen, og denne morgonfuglen tar bokstaveleg talt heilt av..!

DSCN2935

…før ho går inn for angrep! Til orientering: Dette er ein heilt normal dag i familien Sørheim sitt liv…

DSCN2952

Over til ein normal dag i familien Sørheim/Hornenes: Ingeborg pønskar på noko lurt… Dette blikket kjenner me litt for godt…

DSCN2953

Og ganske riktig: Full klikkings!!! Legg merke til Ørjan sitt overbærande uttrykk.. (Ingeborg spør: Er han sosialarbeidar eller støttekontakt..?)

DSCN2946

IC hadde det heller ikkje alltid like greit på denne turen.. Her kan eg rasande konstantere at den lyse jakken min har blitt full av sørpeflekkar! Arrrrgh…

DSCN3007

Ship o hoi og en flaske med rom! Desse to Pirates of the P-town fant raskt tonen!

P6250147

Klassisk motiv…..

P6250033

Baywatch har aldri sett betre ut..! Med denne stabile livvakten på vakt er det ingen grunn til bekymring… «Hoi, du der med bøttehatten… Litt nærmare land, takk..!»

DSCN3129

Her er det fleire som kan posere.. Ørjan kjører P-town stilen fullt ut i Ingeborg si t-skjorte – forøvrig fra Jorunn (Scenario) sitt klesmerke Grrly Maria.

DSCN3106

Litt usikker på om eg skulle ta med dette bildet, men det er jo legendarisk… Sjå koss gutta på tur kosar seg! (OBS: Må understreke at me tar sterk avstand fra all bruk av nedsettande betegnelsar på homofile! Dette er kun uskyldig moro på vår eigen bekostning). 

P6250136

PANDAAAAA!!! 😀 Avsluttar galskapen med eit koseleg bilde av Ingeborg og denne store pandabamsen!

Dette var siste innlegg fra Provincetown (kanskje like greit…) – men det blir meir moro på bloggen! Nå er Ingeborg og Ørjan tilbake fra New York, og klare for nye eventyr her i Boston! Følg med!!! 😀

Tour de Provincetown

juni 29, 2009

P6250052

Such a PERFECT DAY..! 😀

Torsdag skein sola i Provincetown, og me leigte syklar og sykla rundt i nydeleg natur i fire timar. Her smilar me alle bredt til fotografen på Province Lands Visitor Center. 

P6250026

Turen starta med tjukk skodde på Herring Cove Beach, men det skulle snart skine opp. Syklane me fekk leige var upåklagelege. Ingeborg påsto at ho aldri hadde sykla på ein betre sykkel, og Ånen cruisa standsmessig rundt på denne stilige beachcruiseren!

P6250030

Eg er i STØTET..! 😀

P6250035

Desse to stilige syklistane er klare for å legge mil etter mil bak seg på sykkelsetet! Dei får jo ikkje følge med på Tour de France i år, men det er jo endå betre å sykle sjølv! 

P6250110

Veldig fine asfalterte sykkelstiar snodde seg gjennom landskapet i «Province Lands Trail», som er ei svært populær sykkelløype i eit verna naturreservat. Men me traff ikkje så mange folk, og hadde stort sett vegen for oss sjølve.

P6250038

Også her kunne me sjå landemerket Pilgrim Monument i det fjerne. 

P6250054

Lookin» sharp!!!

P6250061

«And the star-spangled banner in triumph shall wave,
O’er the land of the free and the home of the brave!»

P6250060

Søstrene Sørheim i sitt ess!

P6250090

Turen gjekk innom fleire strender i området – her er me på Race Point Beach. 

P6250073

Ingeborg lagar englar i sanden!

P6250079

Strandløva Ånen i meget kjent stil!

P6250092

Sykkelturen gjekk også gjennom skogen Beech Forest, med mange idylliske små innsjøar.

P6250099

Idyllisk, ja – men det var nok inne i desse skogsområda at me blei stukke av nokon hersens insekt… Både eg og Ingeborg fekk store opphovna stikk på legger og lår..

P6250101

Idyll DE LUX!!! Ja, dette må bli årets postkort fra familien Sørheim/Hornenes! Nokon som nevnte på at desse to er like..?!

P6250096

Dette var også eit koseleg bilde, men Ånen har bretta opp T-skjorta og ser nesten ut som ein Harley Davidson dude…

P6250107

JUHUUU!!! Det blei eit par rundar i denne «rundkjøringen»…

P6250108

UÆÆÆÆ!!! 

P6250118

Ånen avslutta sykkelturen med eit forfriskande bad i sjøen! Me andre hadde ikkje med badetøy og måtte stå og sjå på. Det såg herleg ut! Temperaturen var sånn cirka som når ein begynner å bade heime i Norge, altså ikkje så veldig varmt..

P6250128

Sol, sjø, sand… Men likevel frodig! That’s P-town for ya!!! 😀

 xxx Dette var ein fantastisk dag!!! xxx

Introducing… P-town!

juni 28, 2009

P6270255

Sist veke var me tre dagar i Provincetown, heilt ytterst på Cape Cod.

Cape Cod er ei langstrakt halvøy som ligg i staten Massachusetts. Den lange smale halvøya strekker seg ut i Atlanteren og er eit ynda reisemål om sommaren. Bildet ovanfor viser den lille byen Provincetown som ligg aller ytterst på Cape Cod. 

DSCN3011

Me er framme i P-town!

DSCN2938

Provincetown er berre ein 90 minuttars båttur unna Boston sentrum! Ingeborg er klar for avgang tidleg onsdag morgon! UTFLUKT!!! 😀

DSCN3027

Me overnatta på ein veldig koseleg bed&breakfast sentralt i Provincetown; Gabriel’s. Her har gjengen flata ut på sengene etter ankomst. 

DSCN3013

Provincetown, gjerne forkorta P-town, er kjent for å vere ein særdeles liberal, frilynt og tolerant stad; og svært populær blant homofile. Her er ei artig hageutstilling me kom over, der det ikkje nødvendigvis er Barbie + Ken som = sant…

DSCN3062

Men P-town er mykje meir enn sirkus og baluba i den livlege handlegata Commercial Street: Unikt landskap og mykje flott natur er å finne i nær tilknytning til byen! Her er me på veg over den 2 kilometer lange moloen som dokke kan sjå på postkortet ovanfor (første bildet). 

DSCN3074

Denne «moloen» heiter West End Breakwater og blei bygd i 1914 for å beskytte Provincetown mot potensielle ødeleggingar i forbindelse med uver. Den er også ein populær og veldig flott spasertur!

DSCN3102

Ingeborg demonstrerer god stil bortover steinane!

DSCN3089

Ingeborg og Ørjan over på andre sida. Her kunne me ha gått vidare langs stranda og enda heilt ute på Long Point, som er aller aller ytterste tuppen av Cape Cod (igjen; sjå postkort), men på grunn av skodde og regn i lufta gjekk me heller tilbake. 

P6260193

Men; HER er me på den aller ytterste nøgne ø…! Dette er bilder fra ein annan dag (som dokke kan sjå av veret) – då me tok ein båt ut til Long Point. 

P6260197

Forblåst på «the end of the earth», som Long Point blir kalla. I bakgrunnen Long Point Lighthouse, eit fyrtårn bygd i 1827. 

P6260201

Vind i skjørtet!

P6260212

Ingeborg, Ørjan og Ånen framfor Long Point Lighthouse. I bakgrunnen Provincetown by. 

P6260221

P-town er som sagt ein ynda tilfluktsstad for «same-sex couples»….. 😉

P6260223

Herr og Fru Bøttehatt på tur! 

P6250164

Dersom du såg godt etter på bildet av Long Point Lighthouse, der ein kunne sjå Provincetown i bakgrunnen; såg du kanskje dette tårnet: Pilgrim Monument; eit landemerke ein kan sjå uansett kor ein befinn seg i området. Provincetown var naturleg nok ein av dei første stadane i USA der pilgrimane kom i land på 1600-talet. 

P6250166

Me tok sjølvsagt turen til topps i Pilgrim-monumentet, og her er utsikta på toppen! Her ser ein deler av Provincetown by og i bakgrunnen moloen (West End Breakwater) som går over til Long Point området. 

P6250172

Ingeborg luftar føtene! Øvest på bildet ser ein Long Point Lighthouse, aller ytterst på enden av Cape Cod halvøya. Rett til høgre for snorene på høgre sko: hotellet der me budde!

P6250174

Utsikta vekk fra byen og mot dei flotte naturområda i nærheten. 

P6260233

P-town er også mykje tull og tøys og moro… 😉 Fleire gøyale bilder vil følge!

P6250034

Men neste innlegg vil vise dykk Provincetown fra sykkelsetet – følg med for mange flotte bilder fra sykkelturen vår! 😀

Goodbye Erick!

juni 28, 2009

IMG_8431

Tirsdag i sist veke hadde me avslutning for Erick på jobben. Etter tre år i Boston flyttar han nå sørover til solfylte Miami. Her er gjengen som var med på DuckTour’en! Fra venstre: Sunita, Erik (fra Sverige!), Mike, John, Judie, «kon-duck-tøren», Erick, IC, Angela og Ingeborg. 

IMG_8407

Før DuckTour’en var ein endå større gjeng fra jobb på Cheesecake Factory og hadde lunsj. 

IMG_8408

Erick fekk andenebb til DuckTour’en, og her overrekker Sunita ei gave fra oss på kontoret: Harvard «scrubs» (sjukehuskler). 

IMG_8417

Remember to visit Boston, Erick! seier kon-duck-tøren vår. 

Me ønsker Erick LYKKE TIL i Miami, og håpar å sjå han snart igjen! 😀

WE ARE BACK!!!

juni 27, 2009

P6250029

Yess, då er me tilbake på bloggen etter altfor lang pause..! 🙂

Ingeborg og Ørjan kom til Boston mandag 22.juni, og dette vil naturleg nok medføre ein kraftig oppsving i underhaldningsverdi på bloggen! Me har nettopp vore tre dagar i Provincetown, Cape Cod, utan internett – men er nå tilbake i Boston og kan love gøyale bilder på løpande bånd framover. Følg med!

Greetings from søstrene Sørheim! 😀

Best of Boston!

juni 7, 2009

P5290014

Liv Kjersti og Ingrid er for lengst vel heime i Norge igjen, men her kjem likevel nokon av deira insider-tips fra Boston (fritt tolka av IC). Kva bør du gjere? Kor er den beste shoppinga? Kva bør du ete?

P5290032

Først: THINGS TO DO in Boston! Ta ein tur gjennom parken Boston Common og den flotte hagen Public Garden midt i sentrum. 

P5290010

Posér gjerne i lag med nokon av skulpturane!

P6010011

Ta ein tur til Harvard Square i Cambridge. 

P6010016

Få med deg den historiske og ærverdige parken Harvard Yard, med alle dei gamle Harvard-bygningane og statua av grunnleggaren John Harvard. 

P6010027

Og spaser vidare ned til Charles River. (Kven er den kjekke California dude’n som har sneke seg med på bildet..?!)

P5300042

Ta T-banen! Ikkje alle byar i USA har like godt utbygd kollektivtilbud, men i Boston er T-banen heilt klart den lettaste måten å ta seg fram på. Ingrid er klar for Red Line i nyinnkjøpte røde solbriller!

P5310135

Ta toget til ein av dei mange koselege småbyane i området rundt Boston! Mange småbyar ligg i berre 30-90 minuttars togtur unna storbyen. Lettvint og billig!

P5310142

Her har me tatt toget til Newburyport, ein koseleg og stille småby nord for Boston. 

P6010001

Og ikkje minst… Kanskje ein av dei beste tinga å gjere i Boston: Følg Ingrid sitt eksempel og slapp av på frontporch’en i Dudley Street!

P5280494

SHOPPING! Liv Kjersti og Ingrid deler sine insider-tips: På Davis Square, i kort gangavstand fra Dudley Street, finn ein eit skattkammer av ein butikk: Poor Little Rich Girl. Her har dei både second-hand og nytt, alt er veldig billig, og om ein ikkje finn noko å kjøpe, er det garantert ei oppleving å berre kikke. Veldig fin og artig butikk!

P5290034

I sentrum anbefalar jentene ein tur i den flotte handlegata Newbury Street. Her ligg det interessante butikkar på rekke og rad. Ingrid fant til si store overrasking noko ho hadde leita etter lenge: ei rød veske fra Longchamp!

P5280502

Jentene likte også veldig godt Urban Outfitters på Harvard Square! Her fann dei både det eine og det andre, kan du sei.. Liv Kjersti kjøpte sengeteppe til det nye huset og ei rød veske. Ingrid kjøpte toppen ho viser fram og ein del anna småtteri, men såvidt eg veit kjøpte ho ikkje hatten..

P6010039

Ein av mine favorittar på Harvard Sqare er Mint Julep, ei lita perle av ein butikk der det meste dessverre er litt i dyraste laget.. Men dei har ein del fine småting – her viser for eksempel Ingrid fram det lyseblå armbåndet ho sikra seg. 

P6010012

Utan MAT OG DRIKKE duger ein ikkje; verken til sightseeing eller shopping! Her følger nokon av våre favorittar. Først; min favorittkafé på Harvard Square: Crema Cafe. Veldig koseleg og fin kafé, og kjempegod lunsjmat. Her står jentene i køen. 

P5280496

Mine favorittar: Quiche, jumbo oatmeal cookie og varm sjokolade… Mmmmmm! Prøv det og du vil ikkje angre (berre spør desse fornøgde jentene!). 

P5300040

I nabolaget er Greek Corner eit godt og billig alternativ, berre 5 minutter å gå fra Dudley Street. Jentene fulgte mi anbefaling og kjøpte pastitso (ein slags kjøttdeig- og pastagrateng). 

P5310126

Ein annan favoritt i nabolaget er Jose’s Mexican. Prøv mango raspberry margarita og den meksikanske flamberte iskremen. 

P6010198

Typisk amerikansk, men dette kan ikkje slå feil: Chocolate cheesecake fra Cheesecake Factory! Himmelsk…

P5300053

Av drikkevarer blei Frappuccino Mocha fra Starbucks ein uovertruffen slager! Kan med fordel nytast i farten!

P6020052

Amerikansk hamburger høyrer med, men det kan ofte bli i meste laget… Her har Ingrid laga eit fjes ut av restene…

P5310128

Liv Kjersti og Ingrid utanfor 123 Dudley Street. Tusen takk for besøket! 😀 Dette blir nok siste blogginnlegg med bildet fra dette besøket, men om berre to veker kjem Ingeborg og Ørjan på besøk – så då kan dokke sjå fram til fleire gøyale bilder på bloggen!